Brasiliansk Jiu Jitsu

Frontline Academy Voss er ein klubb for trening med Braziliansk Jiu Jitsu (BJJ), Grappling og sjølvforsvar med stort fokus på godt miljø!

Du treng ikkje være i form for å begynne. Alle er velkomne, uansett om du berre ynskjer ein kjekk og effektiv trening eller om du har ambisjonar om å bli verdsmeister.

Du får dei første fem treningane gratis for å sjå om dette er treninga for deg.

Undervisninga hjå oss føregår i hovudsak på engelsk og me har ei minimum aldersgrense på 13 år.